14 nye har testa positivt det siste døgnet. Stad er blant kommunane

Rapportar frå Helse Førde sin lab viser at det er 14 nye positive prøver det siste døgnet.

Rapportar frå Helse Førde sin lab viser at det er 14 nye positive prøver det siste døgnet.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Dei positive prøvene kjem frå kommunane Sogndal, Luster, Stad og Vik.

Det er for tida eit utbrot i Sogn, så mange av prøvene kjem nok i samband med det.

Når det gjeld positive testar i Stad, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld at dei jobbar med saka.

– Vi jobbar med oppfølging av dette no, og vil kome ut med informasjon litt seinare i dag, seier han til Fjordenes Tidende.

Torsdag 15. juli: 0 nye av 150 analyserte prøver

Fredag 16. juli: 1 ny av 185 analyserte prøver

Laurdag 17. juli: 0 nye av 75 analyserte prøver

Søndag 18. juli: 0 nye av 98 analyserte prøver

Måndag 19. juli: 2 nye av 166 analyserte prøver

Tysdag 20. juli: 2 nye av 330 analyserte prøver

Onsdag 21. juli: 1 ny av 202 analyserte prøver

Torsdag 22. juli: 14 nye av 374 analyserte prøver

Prøvetakingskommune for positiv prøve av nyaste dato: Sogndal, Luster, Stad, Vik.