Inspektørar vil ha nye tiltak for å få bukt med ulovleg teinefiske

Fiskeridirektoratet kontrollerer fleire teiner langs kysten enn nokon gong tidlegare, men ser lite betring. No ser dei etter andre løysingar.

Fiskeridirektoratet kontrollerer fleire teiner langs kysten enn nokon gong tidlegare, men ser lite betring. No ser dei etter andre løysingar. Bildet er til illustrasjon.   Foto: Lina Wåge

Nyheter

– Eg kan dessverre ikkje seie at det er så mykje betre no enn det var for fire år sidan. Det er forferdeleg mange teiner som blir beslaglagde, seier inspektør Jim Anders Edvardsen til NRK.