Ferietips i Norges vakraste region

Oppsøk den gamle kystkulturen

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Tettstaden Kalvåg ligg ytst i havgapet på øya Frøya i Bremanger.

Fargerike trehus klyngar seg fast til bryggene i det gamle fiskeværet. Dei fleste rorbuene, leilegheitene og bryggehusa er no ein del av Knutholmen hotell, etablert i 1986 av familien Fosse. Familiebedrifta legg alt til rette for fine opplevingar og overnattingar, og er kjende for god kvalitet på sjømaten som er fanga rett utanfor døra.

Dei har også butikk der dei mellom anna sel heimelaga sjokolade.

Om ein kjem sjøvegen til Kalvåg, kan ein legge til ved Knutholmen gjestebrygge, som har 3.500 gjestedøgn, straum og sanitæranlegg. Ved kaia ein også no booke tid i ein flytande sauna og ta seg ein avkjølande dukkert etterpå på ein varm sommardag.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.