No treng du ikkje halde igjen medan du ventar på ferja lenger

Det etterlengta toalettet stod nemleg klart på Oldeide ferjekai denne veka. Etter mange år med venting kan reisande endeleg sleppe å kjenne på uroa ved å vere tissetrengt når det er 45 minutt igjen til ferja kjem.

Det nye toalettet på Oldeide ferjekai er no open og klar til bruk.  Foto: Tove Strandenes Grimen

Nyheter

– Endeleg har toalettet på Oldeide ferjekai opna. Dette har vi etterlyst og venta på i mange år, kan ein lese i eit innlegg delt på Du veit du er frå Bremanger og av Bremanger turistinformasjon på Facebook.


Ferjekaia på Oldeide får toalett _-

Neste veke skal toalettanlegget på Oldeide ferjekai opne. – Eg synest det er veldig bra at toalettanlegget er på plass. Dette er noko vi har venta lenge på, seier Randi Ytrehus.


Ferjeleiet har vore på Oldeide i 74 år, og fylket overtok i 1972. Så eit toalett på kaia er etterlengta.

Det nye toalettet var ferdig denne veka, men handicap doen manglar framleis rampe.  Foto: Tove Strandenes Grimen

Sjølv om det vanlege toalettet er opna er ikkje bygget heilt ferdig. Det manglar framleis rampe til rullestolar og litt asfaltering. Handikaptoalett og stellerom er framleis stengd.