Har du fagbrev og ønskjer å gå påbygg? Då kan du sette deg på den virtuelle skulebenken hos desse alt i haust

Eid vidaregåande skule har nemleg fleire ledige plassar på nettstudium for vg4 Påbygging til generell studiekompetanse. Rektor Alf Reidar Myrstad seier at interesserte frå Vestland kan ta direkte kontakt med Eid vgs for oppstart no i haust.

Faglærarar på vg4 nettstudium ved Eid vidaregåande skule ønskjer velkomen til nytt skuleår. Her frå venstre: Jan Håvar Henden, kontaktlærar Anna Kirsten Hellevang, Anita Hunvik og Birgitte Marie Barvåg.   Foto: Ellen Kristin Sætre

Nyheter

Vg4 nettstudium er ope for elevar med fagbrev. Elevar over 25 år med vaksenrett vil bli prioritert. Elevane treng å ta berre fire fag for å få generell studiekompetanse. Det er norsk, matematikk, naturfag og historie.