Hotellet kan få 23 rom til: – Vi har akutt behov for meir plass

Stad hotell held fram med å vekse. Det er i alle fall det som ligg i korta om Vestkapp Eiendom AS får det som dei ønsker, nemleg å omregulere eit større område søraust for dagens hotell for å lage plass til femten nye hotellrom.

  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

– Det er snakk om å få dette på plass så fort som mogleg. Det einaste som stoppar oss no er tomteinnskrenkingar. Målet vårt er å få tilpassa eit bygg som er tolererbart for alle, seier Åge Lundebrekke i Vestkapp Eiendom AS til Fjordenes Tidende.