Møtte fiskarane: – Eg vil påstå at det var eit nyttig møte for oss

Geir Magne Røys, i Linebas og styremedlem i Sogn og Fjordane fiskarlag sit igjen med god følelse etter møtet med fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) i Kalvåg måndag.

Møtet mellom fiskarane og ministeren blir omtala som konstruktivt og bra. Fleire spørsmål vart lagt på bordet, og sjølv om fiskarane ikkje fekk svar på alt dei lurte på var stemninga god, ifølgje Geir Magne Røys.  Foto: Bremanger høgre

Nyheter

– Inntrykket er veldig bra. Han var lyttande og stilte spørsmål, så vi er kjempegodt fornøgde, seier fiskaren.