Meiner veljarane bør stemme på henne og partiet for å redusere forskjellar og klimautslepp

Dersom Hege Lothe kjem på Stortinget vil ho invitere med seg Nermin Ali Wasta frå Måløy til den høgtidlege opninga av Stortinget. – Ho er ein fin representant for dei mange nye innbyggjarane i bygdene våre som skal ta Sogn og Fjordane inn i framtida, seier Lothe.

Hege Lothe er 1.kandidaten til SV til Stortinget.  Foto: Hans Vold Husum

Nyheter

Namn: Hege Lothe

Parti: SV

Alder: 49 år

Heimplass: Sandane, Gloppen

Favorittserie på TV: Greys Anatomy

Yndlingsrett: reker

– Kva er di viktigaste kampsak for Nordfjord og kysten?

– Dersom eg må velje éi kampsak må det bli å ta kampen for reine fjordar. Forskingsresultat syner at etter kvart som sjøtemperaturen aukar som følgje av klimaendringar vil det føre til eit auka smittepress av lakselus innanfor oppdrettsnæringa. Auka mengder med lakselus vil true villaksen som svømmer i elvane våre. For å sikre rein fjord meiner SV at det er rett å stille strengare krav til oppdrettsnæringa. Dei bør få krav på seg til at oppdrettsanlegga skal vere både rømmingsfrie og utsleppsfrie. Naturen skal gje levebrød, glede og velferd også til våre barn. Då må vi syte for å ha berekraftige fjordar. SV vil ha reine fjordar og stans av utrydding av artar og forsøpling av sjø og hav.

– Kva er draumen din for Nordfjord, kysten og Sogn og Fjordane i kommande stortingsperiode?

– Min draum er at Nordfjord og Sogn og Fjordane skal utvikle seg vidare og få auka folketalsvekst. At folk vil busette seg her fordi dei får jobb eller fordi dei skapar eigne jobbar. Eg vil ha eit samfunn der forskjellane går ned, og med viktige nye velferdsreformer som tannhelsereform der tennene blir ein del av resten av helsevesenet, og at alle kan gå til tannlegen utan at dei fryktar for kva det skal koste, og at SFO skal vere gratis. Dessutan vil eg at klimautsleppa skal gå ned og ikkje minst vil eg ha ei ny raudgrøn regjering, som kan ta landet i ei ny politisk retning som gjer det lettare å utvikle Nordfjord, Sogn og Fjordane og resten av distrikts-Norge.

– Med éi setning, kvifor meiner du at veljarane bør stemme på deg og partiet ditt?

– Veljarane bør stemme på meg og SV for å få ned forskjellane, ned klimautsleppa og for å sikre ei ny raudgrøn regjering!

– Har du i politikken opplevd at verdiane dine har endra seg eller blitt sette på prøve? For eksempel har du måtte endre standpunkt i ei sak?

– For nokre år sidan stussa eg på om det var rett å ta vekk abortnemndene. Etter å lese meg opp på emnet, snakka med kvinner og lese forteljingane frå kvinner som har opplevd desse nemndene og å ta seinabort, så tenker eg at sjølvbestemt abort med tilbod om god helsefagleg rådgjeving er rett og viktig.

– Korleis blir du i rolla som stortingsrepresentant?

– Eg trur eg vil bli ein stortingsrepresentant som vil bruke tid på å snakke distrikta si sak og løysingar i eige parti, utetter i samfunnet og på Stortinget. For meg er det viktig å ha ein raud og grøn distriktspolitikk som høver for folk og verksemder i Sogn og Fjordane. Eg trur eg vil vere ein stortingsrepresentant som folk lett vil ta kontakt med, og at eg slik ville kunne vere til hjelp for folk direkte.

– Den første dagen på stortingsbenken er det høgtidleg opning av Stortinget. Då vonar eg at Nordfjordbunaden min framleis passar! Ved opningshøgtida kan dei nye stortingsrepresentantane invitere med seg gjester. Eg vil invitere med meg Nermin Ali Wasta som bur i Måløy, jobbar i SFO på Skram skule og står på 5. plass på stortingslista til SV. Ho er ein fin representant for dei mange nye innbyggjarane i bygdene våre som skal ta Sogn og Fjordane inn i framtida.

– Korleis stiller du deg til kommune- og fylkesreversering?

– SV og eg seier ja til Sogn og Fjordane. SV vil ha folkeavrøysting om oppløysing av fylka. Om fleirtalet i Sogn og Fjordane seier ja, vil SV at Stortinget skal opprette fylka Sogn og Fjordane og Hordaland att. SV på Stortinget og SV i Flora kommunestyre stemte nei til kommunesamanslåing, og i Vågsøy hadde ikkje SV representasjon. SV var med å fremja forslag om folkerøysting om kommunesamanslåinga, men vart nedstemt på det. Dermed har ikkje folk i Kinn kommune fått sagt si meining gjennom ei folkerøysting. Eg og SV meiner at kommunesamanslåinga til Kinn kommune framleis er så omdiskutert at det kan vere rett å få råd frå folket i ei folkerøysting slik at ein lokalt kan drøfte om det er rett å halde fram som Kinn kommune, eller finne ei anna løysing for framtida.

– Kva er det mest utfordrande med å vere stortingskandidat?

– Eg trur eg lyt seie at det er at eg lyt vere så frampå. Eg må heile tida vere på for å få medieoppslag, få fram saker, innlegg og ovanfor dei andre kandidatane. Det er krevjande å heile tida vere så bratt i ryggen.

– Kva er ditt kjekkaste minne frå politisk arbeid?

– Den kvelden eg var med og talde stemmene etter folkeavstemminga om kommunesamanslåing mellom Gloppen og Eid. Førehandsrøystene synte fleirtal for samanslåing, men i løpet av kvelden snudde det, for på valdagen var det eit tydeleg nei til samanslåing. Det var ei alvorleg og høgtidleg stemning i Heradssalen i Gloppen. Alle visste kva som stod på spel. Av dei som talde var eg ein av dei få som hadde arbeidd for eit nei. Det blei ingen jubelscener, for det var greitt å syne respekt for dei som hadde tapt, men guri meg kor uendeleg letta eg var den kvelden. Eg heiar på godt samarbeid mellom kommunane og i regionen, men trur framleis at gløpparane røysta rett den dagen.

– Viss du fikk ein time ekstra fritid kvar dag, kva ville du brukt denne timen til?

– Eg vil gjerne sagt at eg ville fordelt timen mellom meir lesing, gåing og trening, men eg redd eg hadde lege litt ekstra på sofaen og sett på seriar medan eg spøta.

– Har du i løpet av det siste året gjort noko for første gong?

– Ja! Eg stiller på førsteplass på ei stortingsliste. Det har eg aldri gjort før! Eg har isbada i fjorden midt på vinteren. Tatt den lengste zipline i Norden i Flåm og elvejuving i Jostedalen.

– Har du eit skjult talent?

– Nei

– Har du ei uvane du prøver å bli kvitt?

– Eg har det med å utsette små og store ting eg gruar meg for. Det prøver eg å få gjort noko med. Å orke å gå på med ein gong, utan å tenkje meg så mykje om.

– Har du nokon gong blitt tatt for å vere ein annan?

– Opp gjennom åra då eg var aktiv i Nei til EU og Noregs Mållag sentralt har det vore ei som heiter Hege Myklebust. I mange år var det mange som trudde at eg var ho. Men for nokre år sidan kunne ho melde, at no trudde folk at ho er meg. Så kanskje det er ein slags framgong?

– Kva er den raraste gåva du nokon gong har fått?

– Då den førstefødde var baby var det mange uventa gåver frå fjern og nær. Ei av gåvene var ein body som ikkje i seg sjølv var noko rar gåve. Det bleiderimot framheva at denne bodyen var kjøpt av sjølvaste Liv Signe Navarsete, og guten min var den tredje arverekka!

– Viss du måtte vere med i eit reality show, kva program ville du ha valt og kvifor?

– Eg trur eg ville valt Farmen. Eg tenker at eg kunne fått til å organisere arbeidet. Men det der med at alle blir så fort uvennar og har så mange feider verkar godt stressande.

– Liker du best sommar eller vinter?

– Eg liker best sommaren. Då er det større sjanse for at det er varmt, og absolutt større sjansar for å få bade. Det liker eg godt.

SV sine ti på topp

1. Hege Lothe, 1972, Gloppen

2. Hans Christian A. Knudsen, 1999, Sogndal

3. Vibeke Johnsen, 1966, Sogndal

4. Åsmund Berthelsen, 1952, Naustdal

5. Nermin Ali Wasta, 1966, Måløy

6. Silje Synøve Høgelid, 1994, Høyanger

7. Bent-Ingen Auflem Borgund, 1975, Nordfjordeid

8. Hilde Iren Rivedal, 1973, Førde

9. Sæmund Stokstad, 1985, Lærdal

10. Heidi Grande Røys, 1967, Florø