Les intervjua Fjordenes Tidende har gjort med stortingskandidatane i både små og store parti

Sakene er opne og tilgjengelege for alle denne siste helga før valgdagen.

Her kan du lese intervjua Fjordenes Tidende har hatt med kandidatane i dei ni partia som sit på stortinget i dag, intervju med nokre, samt oversikt over, resten av partia som stiller liste.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Her kan du lese intervjua Fjordenes Tidende har hatt med kandidatane i dei ni partia som sit på stortinget i dag. I tillegg har vi intervju med nokre, samt oversikt over, resten av partia som stiller liste.

Dei mindre partia:


Partiet har markert seg på kort tid sjølv med mindre spalteplass enn dei store partia

Stein Robert Osdal kjenner på skeivheita i valkampen der dei etablerte partia får fleire mogelegheiter til å spre bodskapa sine, men seier partiet hans har jobba bevisst for å nå folk gjennom sosiale medier.


Raudt:


Geir var positiv til vindkraft. No meiner han det øydelegg naturen

Geir Oldeide var tidlegare positiv til vindkraft. No ser han på det som unødvendig øydelegging av naturen.


Framstegspartiet:


Vil kvitte seg med fylkeskommunen og Statsforvaltar

Dersom Anfinn Sjåstad skulle ha deltatt i eit reality show, ville han blitt med i Charterfeber saman med Charter-Svein. – Gratis ferie i varmare strøk kan ikkje vere feil, seier 1. kandidaten til Framstegspartiet som drøymer om å få på plass miljøvennlege løysingar som ikkje raserer næringslivet.


Venstre:


Om Alfred kjem på Stortinget, har han finskjorta klar

Alfred Bjørlo (V) trivst best utan kle og har stort sett lyst til å gå rundt i berre trusa. Men sidan den erfarne lokalpolitikaren veit at dette er ein smule sosialt uvanleg, vil han finne fram både finbukser og karakteristiske skjorter om han skulle nå målet om å få jobbe for Nordfjord frå stortingsbenken.


Senterpartiet:


Om Erling skulle ha deltatt i Farmen er han usikker på korleis det ville ha gått. Men på stortingsbenken er han sjølvsikker

Han pratar ofte altfor høgt, særleg når han snakkar i telefonen. Men det er berre framfor nokre svært få, i godt lag, at Erling Sande viser kor god han er til å deklamere Jakob Sande-dikt.



Høgre:


Olve er så opptatt med politikk at ektefellen er lei av å vente på å få sjå ferdig TV-seriar

Olve Grotle frå Høgre har lang fartstid i politikken, men har aldri stilt som kandidat til Stortinget før no. Dersom politikaren som opphaveleg er frå Bremanger, kjem inn, drøymer han om å få utnytta potensialet i Nordfjord, spesielt med tanke på havbruk og fiskeri.


Arbeidarpartiet:


Å kjenne politikken på kroppen: – Det beste er når ein har jobba i motbakke og endeleg får resultat

Torbjørn Vereide ønsker å vere ein døropnar og samarbeidspartnar for alle dei gode kreftene i Nordfjord, og stemmer sjølv på folk som hjelper andre.


Sosialistisk Venstreparti:


Meiner veljarane bør stemme på henne og partiet for å redusere forskjellar og klimautslepp

Dersom Hege Lothe kjem på Stortinget vil ho invitere med seg Nermin Ali Wasta frå Måløy til den høgtidlege opninga av Stortinget. – Ho er ein fin representant for dei mange nye innbyggjarane i bygdene våre som skal ta Sogn og Fjordane inn i framtida, seier Lothe.


Miljøpartiet dei Grøne:


Marius skulle ønske han såg ut som George Clooney, men kan trøste seg med at dei har miljøengasjementet felles

1. kandidaten til MDG har mange skjulte talent. Han kan spele saksofon, klarinett, trombone, piano og litt på fele. Dersom MDG vinn valet, lovar han å dra fram eitt av instrumenta å lage ein lykkerus-låt.


Kristeleg Folkeparti:


Har stått i vinden i fire år og er klar for fire nye

Tore Storehaug er allereie stortingsrepresentant. Men fleire gongar tar folk feil og trur han er ein politisk rådgjevar. For folk trur at den ti år eldre, dresskledde mannen må vere stortingsrepresentanten, og ikkje han unge, spede som står og glisar ved sidan av.