Er du i karantene eller isolasjon, og vil røyste måndag? Slik går du fram

Dersom du på grunn av karantene eller isolasjon ikkje kan møte opp og røyste på valdagen, kan du søkje om å få røyste heime. 

Illustrasjonsbilde  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Dersom du på grunn av karantene eller isolasjon ikkje kan møte opp og røyste på valdagen, kan du søkje om å få røyste heime, skriv kommunedirektør i Kinn, Terje Heggheim i fredagsbrevet sitt denne veka.

Frist for å søkje om røysting heimanfrå er valdagen, 13. september, kl. 10.00.

– To av våre valfunksjonærar kjem heim til deg og står utanfor, medan du får ein konvolutt som inneheld alle stemmesetlane for partia som stiller med liste i Sogn og Fjordane krins. Du vel den stemmesetelen du ønskjer, og beheld dei resterande. På den måten bevarer vi prinsippet om hemmeleg val. Valfunksjonærane stemplar setelen, kryssar deg av i manntalet, og du legg setelen i urna. Valfunksjonærane held god avstand til deg under heile prosessen.

– Om du er i karantene eller isolasjon kan du ringe du valansvarleg i Kinn kommune på telefon 57 75 60 00 i opningstida 09.00 – 15.00, skriv Heggheim.