Fire positive av 183 prøver analysert

Helse Førde melder at det er funne fire positive covid-19-prøver etter testing på laboratoriet på sjukehuset i Førde laurdag.

Det er funne fire nye smittetilfeller på laboratoriet på sjukehuset i Førde. Tre av desse tilfella er frå Måløy-området, som blei meldt om i ei sak på fjt.no laurdag kveld.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Tre av dei positive prøvene er frå Måløy-området i Kinn kommune, og er dei same som blei meldt om av Fjordenes Tidende laurdag kveld i denne saka. Den fjerde positive prøva kom frå Sogndal.

Slik ser den siste vekesoversikta over positive koronaprøver frå Helse Førde ut:

Laurdag 4. september: 2 nye av 140 analyserte prøver

Søndag 5. september: 0 nye av 90 analyserte prøver

Måndag 6. september: 1 ny av 220 analyserte prøver

Tysdag 7. september: 0 nye av 452 analyserte prøver

Onsdag 8. september: 3 nye av 273 analyserte prøver

Torsdag 9. september: 3 nye av 256 analyserte prøver

Fredag 10. september: 4 nye av 275 analyserte prøver

Laurdag 11. september: 4 nye av 183 analyserte prøver


Prøvetakingskommune for positive prøver av nyaste dato: Kinn, Sogndal

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.


Statistikk frå sjukehusa

Innlagde pasientar per dato med stadfesta covid-19-smitte: 0

Heimeverande (karantene) eller sjukmelde tilsette pga. korona: 3 (av om lag 3000 tilsette)

Tilsette som har hatt stadfesta smitte: 10 (av om lag 3000 tilsette).