Fjordenes Tidende sender direkte frå valvake måndag kveld

Måndag kveld riggar Fjordenes Tidende seg til med eige studio i Førde der alle listetoppane og andre som har vore sentrale i valkampen er samla.

Ansvarleg redaktør Erling Wåge informerer om valsendinga til Fjordenes Tidende mandag 13. september.

Nyheter

– Dette blir spennande. Det er første gongen vi lagar vår eiga TV-sending, seier ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge.

Han skal sjølv leie sendinga som startar 19.55 måndag kveld. Sendinga kan du følgje med på direkte på fjt.no.

– Vi reknar med at det er på Scandic Sunnfjord hotell det skjer denne kvelden, og derfor skal vi ha vår eiga direkte TV-sending derifrå, seier Wåge.

Planen er å snakke med dei som står på topp på listene til stortingsvalet og andre som har vore sentrale i valkampen medan dei følgjer den spennande opptellinga frå hotellet i Førde.


Les intervjua Fjordenes Tidende har gjort med stortingskandidatane i både små og store parti

Sakene er opne og tilgjengelege for alle denne siste helga før valgdagen.


– Vi skal også oppdatere dei som følgjer med på sendinga på valresultatet etter kvart som det kjem inn, og sjølvsagt få kommentarar frå aktuelle gjester i studio, fortel Wåge.

Ved dette valet er det fleire nordfjordingar som toppar listene til kvart sitt parti.


Rekordmange har forhåndsstemt i år: – Det hele har vært godt organisert

Det meldes om stor økning i antall forhåndstemmer i nordfjordkommunene. – De ansvarlige for forhåndsstemmingen har gjort en formidabel jobb, sier valgsekretær i Stad, Janne Endal Andersson.


– Dei skal alle vere i Førde, og vi skal sjølvsagt snakke med dei om korleis valkampen har vore og korleis dei har det på valkvelden, seier Wåge.


Høyr kva desse elevane meiner om politikk

Kva er eit godt samfunn for dei? Kjenner dei til dei lokale stortingsrepresentantane? Kva ville dei gjort dersom dei sjølve var politikarar?


Om det er noko du har lyst til at Wåge skal spørre listetoppane om, send spørsmålet ditt til fjt@fjt.no og merk e-posten med "spørsmål til listetopp".

Fjordenes Tidende mobiliserer sterkt valkvelden for å oppdatere nettsida.



– I tillegg til livestudio, der vi sender direkte, så har vi bemanna opp nettredaksjonen som skal lage saker og ha oppdaterte resultat frå dei ulike kommunane utover måndag kveld.