Tilbyr drop-in-vaksinering og planlegg for å vaksinere born mellom 12 og 15 år

Bremanger kommune er som mange andre kommuner inne i siste fase av massevaksineringa mot covid-19. Ordførar Anne Kristin Førde (Ap) opplyser at dei no tilbyr drop-in-vaksinering og arbeider med planer om vaksinering av born mellom 12 og 15 år.

Bremanger kommune  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Barnehagar og skular har hatt ein god start i haust, og går som normalt etter FHI sine anbefalingar. Bremanger kommune har per 10. september 2021 ingen smitte registrert. Vi har gjennom heile denne pandemien vore dyktige, og sikkert litt heldige, som ikkje har hatt anna enn sporadisk smitte, seier Førde.