Arrangerer protestmøte: Vil ha slutt på omkampar om livsviktige tenester

Onsdag arrangerer Bremanger sanitetsforening to møte for å protestere mot nedlegginga av ambulansetenesta i ytre Bremanger. – Slike saker er opprivande. Vi fryktar også at det i verste fall ikkje blir tilflytting hit, seier Malene Røys Bolset.

Det vil onsdag bli arrangert to møte for å vise motstand mot nedlegginga av ambulansetenesta i ytre Bremanger.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Bremanger sanitetsforening har saman med representantar frå lag og organisasjonar i ytre Bremanger, sett i gang tiltak for å protestere på nedlegginga av ambulansetenesta. Dei har starta ei underskriftskampanje og onsdag kallar dei inn til møte på Hauge skule og på Frøyen skule i Kalvåg.