Johannes (17): – Eg har stemt fordi det handlar om framtida vår og kva vi ønsker i den

Johannes Grytting frå Selje var ikkje i tvil om kva parti som skulle få stemma hans då han stemte for første gong i dag. 

Johannes Grytting var ikkje i tvil om at han skulle bruke stemmeretten sin måndag.  Foto: Privat

Nyheter

– Eg var fast bestemt. Eg har sett meg litt inn i politikk, og var litt ekstra engasjert då vi hadde debatt på skulen, seier 17-åringen fyller 18 i år, og går siste året på studiespesialiserande på Måløy vidaregåande skule.