Olve om ambulansestriden: – Eg håper Helse Førde lyttar nøye til dei som bur der

Olve Grotle (H) har eit håp om at Helse Førde lyttar til reaksjonane som har kome etter at helseføretaket har foreslått å legge ned døgnambulansen i ytre Bremanger og erstatte den med ambulansebåt og transport til båten.

Olve Grotle (H) i prat med Erling Wåge under valvaka i Førde måndag kveld.  Foto: Seline Larsen

Nyheter

Då Olve Grotle, som sjølv opphaveleg kjem frå ytre Bremanger, blei utfordra på å kommentere forslaget til Helse Førde om å kutte ambulansebilen i ytre Bremanger, svarte han at han håper Helse Førde lyttar til folket.