Gunnar har ikkje tenkt å bli nokon sinke som ordførar

Viss Gunnar Silden (V) blir ordførar i Stad kommune, kjem han til å bli ein energisk ordførar for heile kommunen.

Ein av desse kan bli ordførar i Stad kommune. Bildet er tatt eit politisk møte i Eid rådhus. Gunnar Silden (t.v) og Gunvald Ludvigsen.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Tysdag formiddag blei det kjent at det fjerde mandatet gjekk til Alfred Bjørlo, og at han dermed blir stortingsrepresentant for Venstre. Ein ny ordførar må på plass i Stad kommune, og valet står mellom Helle Frogner og Gunnar Silden som allereie sit i formannsskapsgruppa, og Gunvald Ludvigsen, som kjem inn i gruppa for Bjørlo. Gunnar Silden har ikkje så lyst til å spekulere i kven av dei tre det blir, men seier at han har stilt seg til rådigheit.