Helle er motivert til å bli ordførar – viss kommunestyregruppa meiner ho er rett kandidat

Helle Frogner (V) er motivert til å bli ordførar i Stad kommune. Samtidig er det ikkje eit mål for henne. – Det viktigaste er at ein vel den kandidaten som er den rette for kommunen, seier ho.

Helle Frogner er ein av kandidatane til å overta ordførarkjedet.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Før det blei klart at Alfred Bjørlo (V) fekk utjamingsmandatet var Helle Frogner veldig roleg, og meinte at ein ikkje kunne ta sigeren på førehand. Tysdag morgon, før Bjørlo var sikra plassen, meinte Frogner at han er rett mann der.