Valekspert: Ein eks-ordførar med roller både i kommunestyret og på Stortinget kan vippe begge vegar

Ifølgje professor Yngve Flo ved Universitet i Bergen er det ikkje så vanleg for ein ordførar som blir valt inn på Stortinget å bli sittande både som kommunestyremedlem og på Stortinget. Men det skjer. – Det har potensial for å vippe i begge retningar, seier Flo.

Må balansere roller: Alfred Bjørlo trur han kjem til å klare den balansen det er å både vere stortingsrepresentant for heile Sogn og Fjordane og engasjert kommunestyremedlem for heimkommunen Stad. Mange har også vore bekymra for å "miste" Bjørlo til Stortinget.   Foto: Seline Larsen

Nyheter

Det å sitte både som kommunestyremedlem og som stortingsrepresentant er eit fenomen som blir kalla gjennomgåande representasjon. Ifølgje Yngve Flo, som er professor ved Universitetet i Bergen og ein erfaren valkommentator, er dette institusjonalisert i nokre land.