Tre nye positive prøver – to knytt til ungdomsskulen

I Kinn kommune har det dukka opp tre nye positive prøver det siste døgnet.

Dei positive prøvene er i frå Kinn kommune.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

To av desse er knytt til smitteutbrotet ved ungdomsskulen i Florø, og ein av dei nye prøvene er ifrå eit nytt smittetilfelle. Det også i Florø.

Laurdag vart det meldt om fem nye positive prøver knytt til utbrotet på ungdomsskulen, no er det til saman 14 positive tilfelle på skulen.


Fem nye smittetilfelle på ungdomsskulen

På ungdomsskulen i Florø var det fem nye positive prøver laurdag og kommuneoverlege Kjell-Arne Nordgård seier at det kan vere fleire i vente.


– Dei som testa positivt er allereie i karantene, så det endrar ikkje noko på situasjonen, seier kommuneoverlege, Kjell-Arne Nordgård til Fjordenes Tidende.

Her er statistikken frå Helse Førde frå sist veke:

Laurdag 11. september: 4 nye av 183 analyserte prøver

Søndag 12. september: 1 ny av 118 analyserte prøver

Måndag 13. september: 1 ny av 180 analyserte prøver

Tysdag 14. september: 5 nye av 230 analyserte prøver

Onsdag 15. september: 5 nye av 366 analyserte prøver

Torsdag 16. september: 4 nye av 202 analyserte prøver

Fredag 17. september: 6 nye av 128 analyserte prøver

Laurdag 18. september: 4 nye av 115 analyserte prøver

Tre av dei fire positive sist døgn er altså frå Kinn, medan den fjerde er frå Lærdal.