Fann båt utan førar på rek i bukta – kan det vere din?

Litt før klokka 14 i dag fekk politiet melding om ein båt som dreiv i bukta ved Davik i Bremanger kommune.

Litt før klokka 14 i dag fekk politiet melding om ein båt som dreiv i bukta ved Davik i Bremanger kommune.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Det er gjort funn av ein grå Pioner 15 fots båt med 10HK påhengsmotor. Den blei funnen rekande inne i bukta ved Davik, opplyser politiet sin operasjonssentral.

Den som fann båten har tatt hand om den.

– Eigar kan ta kontakt med politiet for å få kontakt med den som meldte inn båten, seier politiet.