Fekk rydda opp i krangelen – men veit ikkje korleis samarbeidet blir

– Vi fekk rydda opp i episoden som skjedde i helga der vår gruppeleiar, Arlene Vågene opplevde å bli skjelt ut av ordføraren på ein fest. Men vi veit ikkje korleis samarbeidet blir vidare. Det skal no partia drøfte kvar for seg først.

Bjørn Hollevik vil ikkje seie om Høgre vil ta opp samarbeidet med Arbeidarpartiet i Kinn igjen.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Det seier leiar i Kinn Høgre, Bjørn Hollevik til Fjordenes Tidende etter forsoningsmøtet mellom ordførar Ola Teigen frå Arbeidarpartiet og Arlene Vågene frå Høgre måndag kveld.