Konflikt om utmark verd titals-millionar kroner hamna i retten

Store verdiar står på spel rundt ein utmarksteig i Vanylven. Spørsmålet om kven som eig grunnen har no vore oppe i retten.

Her i Almklovdalen er det store olivinførekomstar. Sibelco Nordic driv utvinning i området. Eigedomsforholda i eit nyare område for utvinning var nyleg tema i lagmannsretten.   Foto: ARKIV

Nyheter

(Sunnmørsposten): Fleire personar hevdar å vere grunneigarar til ein utmarksteig i Almklovdalen på Åheim i Vanylven. Nyleg møttest to partar i Frostating lagmannsrett for å få avgjort eigedomsforholda.