Forskarar skal teste om lydsignal kan halde kvalen borte frå fiskegarn

Forskarar skal finne ut om akustiske lydsignal kan skremme bort kval frå fiskegarn.

Forskarar skal teste om akustiske lydsignal kan halde knølkvalen og spekkhoggaren borte frå fiskegarna.   Foto: Cornelius Poppe / NTB/ NPK

Nyheter

– Knølkval og spekkhoggarar går ofte etter silda som står konsentrert i ei ringnot. Dei prøver rett og slett å komme seg inn i nota under sildefisket, seier kvalforskar Arne Bjørge til Havforskingsinstituttet.