Han blir Stad kommune sin nye ordførar

Når Alfred Bjørlo blir stortingsrepresentant, går Gunnar Silden inn som ordførar ut perioden. Det har ei samarbeidsavtale mellom Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre sikra.

Gunnar Silden skal leie kommunestyret i Stad etter at Alfred Bjørlo går over til å vere kommunestyrerepresentant.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Det har lenge vore usikkert kven som skal ta over etter Bjørlo, og valet har stått mellom Gunnar Silden, Helle Frogner og Gunvald Ludvigsen. Leiar i Stad Venstre, Jon Frogner, har vore forsiktig med å uttale seg tidlegare, og ordførarkandidantane har uttrykt at det er om å gjere å finne den beste kandidaten for Stad akkurat no.