Gut påkøyrd av sykkel: Politiet ønsker å komme i kontakt med syklisten

Etter ei sykkelulykke fredag der ein gut blei påkøyrd på gangvegen ved Måløy vidaregåande skule på Tennebø, ønsker politiet no å komme i kontakt med syklisten.

Fredag morgon skjedde det ei ulykke på gangvegen ved Måløy vidaregåande skule der ein gut blei påkøyrd av ein syklist. Det er ikkje sikkert syklisten veit heilt kva som skjedde, men politiet ønsker å komme i kontakt med vedkomande syklist.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Vi veit ikkje kven syklisten er, og vi er interesserte i å komme i kontakt med vedkomande. Her er det mogleg at vedkomande sjølv ikkje har oppfatta skadepotensialet i hendinga. Men vi er interesserte i å komme i kontakt syklisten, seier politistasjonssjef i Måløy, Rognald Dvergsdal, til Fjordenes Tidende.

Det var fredag morgon det skjedde ei ulykke på gangvegen ved Måløy vidaregåande skule.

– Ein 15 år gamal gut har blitt sykla på av ein syklist på gangvegen der, seier Dvergsdal.

Patruljen som var ute på oppdraget meiner det var ein sykkel og ikkje ein elsykkel. Ifølge Dvergsdal blei guten sendt med ambulanse til Førde, og politiet har ikkje noko oppdatering på skadeomfang.

Det blir oppretta sak på forholdet og det blir no etterforska. Patruljen har snakka med nokre vitne, og Dvergsdal reknar med at det er andre som har vore på veg til skulen som kan ha sett noko.

– Vi er interesserte i å kome i kontakt med syklisten, og håpar vedkommande melder seg.