Har auka kystsikkerheit på radaren

– Den nye sjøtrafikksentraltenesta er eit sjøsikkerhetstiltak. Det er vår oppgåve at det er sikkert og effektivt, og at vi bidrar til effektiv trafikk og at vi dermed bidrar til verdiskaping langs heile kysten, seier kystdirektør Einar Vik Arset i Kystverket.

Sjøsikkerheitsdirektør Arve Dimmen, statssekretær Anders Tyvand i Samferdsledepartementet og kystdirektør Einar Vik Arset i Kystverket under markeringa ved Sveneset radarstasjon.   Foto: Kysteverket

Nyheter

Sjølv om tenesta blei offisielt opna fredag, blei den sett i drift 1. juni 2021. Den har ansvar for å overvake og organisere skipstrafikken i farvatnet mellom Florø og Måløy, og blir utført frå sjøtrafikksentralen i Brevik. Tanken er at den skal redusere risikoen for ulykker ved å organisere skipstrafikken slik at uønskte nærsituasjonar ikkje oppstår, gi fartøy navigasjonsassistanse og varsle om farar og andre situasjonar som kan føre til ulykker.