Er du over 65 og bor i denne kommunen, kan du bli med i torsdagsklubben

Torsdagsklubben er ein måltidsfellesskap for dei over 65 som no skal starte i Bremanger.

Bremanger kommune har søkt om og fått midlar til prosjekt som handlar om måltidsfellesskap for dei i aldersgruppa 65 år og over. Prosjektperioden startar på eldredagen som var 1. oktober og held fram til januar 2022 – eller så langt midlane strekker til.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Samlingane skal vare frå no og fram til nyttår, og Bodil Strømmen Edvardsen ved Frivilligsentralen ber folk melde seg på innan førstkommande onsdag om dei har lyst til å vere med.