Gunnar Silden er tydeleg på at han framleis berre er ein kandidat til ordførarvervet etter Alfred Bjørlo. Samtidig er det eit verv han svært gjerne ønskar. Om det skjer, blir han den første ordføraren frå heimøya Silda. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Om to månader skulle Gunnar eigentleg bli pensjonist. I staden blir han ordførar for heile den nye kommunen

At seljeværing Gunnar Silden truleg blir Stad kommune sin nye ordførar var ein tanke 69-åringen sjølv aldri hadde late fare gjennom hovudet. Men no meiner den tidlegare fiskaren at han er klar for vervet.