Skal avhøyre vitne som såg at syklist køyrde på 15-åring

Politiet har kome i kontakt med syklisten som køyrde på ein 15 år gammal gut ved Måløy vidaregåande skule fredag morgon. Han har vore i eit innleiande avhøyr, og det gjenstår framleis å avhøyre andre vitne til hendinga.

Politiet har snakka med syklisten som køyrde på ein gut fredag.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Syklisten har vore i avhøyr, og erkjenner at han var involvert i denne hendinga, fortel politisjef ved Måløy politistasjon, Rognald Dvergsdal til Fjordenes Tidende.