Skipstunnelkommunane får 750.000 for å skape ringverknader av tunnelen

– Stad skipstunnel vil opne ei heilt ny akse mellom Bergen og Ålesund, som kan utløyse ny grøn næringsutvikling. Difor har Agenda Vestlandet støtta prosjektet med 750.000 kronar, seier Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet og konserndirektør for strategi og digital distribusjon i Sparebanken Vest.

Nyheter

– For å sikre størst mogleg nytteverdi regionalt og nasjonalt av Stad Skipstunnel når denne står ferdig i 2025/26, er det viktig å kome raskt i gang med eit samla, systematisk arbeid for å legge til rette for og realisere ringverknader og nye moglegheiter som opnar seg som følgje av Stad Skipstunnel, seier ein særs nøgd avtroppande ordførar i Stad, Alfred Bjørlo.