Tek opp igjen saka om nattevakt og kjøkkenteneste ved omsorgssenteret

Med bakgrunn i eit innbyggjarforslag er det bestemt at saka om nattevakt og eige kjøkken ved Klokkartunet i Davik skal opp i neste kommunestyremøte i Bremanger.

Kommunestyre må handsame vurderinga av tenestene ved Klokkartunet.  Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

– 5. september fekk Bremanger kommune eit krav frå bygdelaget i Davik, Ålfoten og Kolset der dei bad om ei ny vurdering av saka i forhold til endring av nattenesta og drift av kjøkkenet på Klokkartunet, seier ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde (Ap).