Telmo kom tilbake for å male ny gatekunst i Nordfjord

Kunstnaren Telmo Pieper frå Nederland er tilbake i Nordfjord tre år etter at han sette farge på lensmannshuset i Refvik i Kinn kommune. No er han snart ferdig med veggen han målar på Gymmen Scene på Nordfjordeid.

Kunstnar Telmo Pieper (f.v) og Arnt-Ivar Naustdal, festivalsjef i Malakoff Rockfestival, framfor veggkunsten som nærmar seg ferdig.   Foto: Privat

Nyheter

Fredag var Telmo Pieper nesten ferdig med motivet han jobbar med. Nesten heile veggen har blitt raud og mørkeraud. Berre døra inn og litt av veggen står att, men desse skal også bli dekt med måling og bli ein del av kunstverket.