Denne gjengen «svømmer» i arbeid

Dei fleste har sett dei blå båtane til Frøy Vest farte rundt omkring i området. Men kva gjer dei eigentleg? Eit godt eksempel på noko av det spesialiserte arbeidet bedrifta driv med skjedde onsdag då dei heva fiskebåten «Christina G» i Måløy.

Frøy Vest AS har mykje å henge fingrane i. Mykje av tida går med på jobbar knytt opp mot oppdrettsnæringa. Nyleg fekk ein sjå eit av dei andre områda der dykkarbedrifta kan gjere ein forskjel, nemleg under hevingsoppdraget av «Christina G» i Måløy.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Er det noko Frøy Vest AS ikkje har, er det fritidsproblem. Dei er ettertrakta til både små og veldig store oppdrag i ein stor marknad. Nasjonalt har morselskapet, Frøy, landets største kompetansemiljø innan akvaservice der dei leverer ulike tenester til ulike næringar. Her i området fusjonerte West Dykkerservice, Sunnfjord Dykkerservice og Møre Dykkerservice til Frøy Vest i 2015.