Har etterforska ferdig saka om taxisjåfør mistenkt for svindel

I vinter bekrefta politiet at dei etterforska ein taxisjåfør i Nordfjord som vart meld for svindel. No er det opp til politiadvokaten å avgjere om det vert straffereaksjon.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Saka er ikkje avklart enno. Den var ferdig etterforska av politiet lokalt i juni. Den er oversendt til påtalemakta, og saka ligg framleis der, hos politiadvokaten, fortel politisjef ved Måløy politistasjon, Rognald Dvergsdal.