No blir også denne kommunen med i samarbeidet om ein felles rekrutteringsstrategi

Bremanger kommune inngikk i starten av året eit medlemskap i Nordfjordakademiet. Målet med medlemskapet  er å delta i ein felles rekrutteringstrategi for Nordfjord.

Anders Lødemel (f.v) og Tonje Bjerkan i Nordfjordakademiet saman med ordførar i Bremanger kommune, Anne Kristin Førde og Tom Joensen, kommunedirektør Bremanger.  Foto: Privat

Nyheter

Målet med samarbeidet er å stå betre rusta når det gjeld synkande folketal og ei eldre arbeidskraft som etterkvart må erstattast. Ved å tenke samarbeid og langsiktige strategiar vil Nordfjordakademiet og samarbeidspartnarar jobbe for å få unge til å velge Nordfjord som bu- og arbeidsregion.