Opna pods med bygdefest på sjøbua

Madelen Varden er klar for å leige ut det heilt nye konseptet pods ved Reidarbua. På opningsfesten vekte det nye tilbodet stor interesse.

Nytt konsept: Det nye tilbodet om å bu i pods i Reidarbua på Iglandsvik vekte stor interesse på opningsfesten. Her er styreleiar Trond Grotle saman med Madelen Varden som vil stå for booking og drift av både pods og leilegheiter.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Dette er eit morosamt og artig konsept. Det kan dra mange typar turistar, både unge og eldre. Folk likar litt annleis ting. Dette er koseleg, seier Bente og Are Stian Føleide, som kom og såg på den nye podavdelinga ved Reidarbua på opningsfesten laurdag.