Ronny fortalde alle om depresjonen: Den varme responsen gjer at han ser lysare på framtida

Det var vanskeleg å seie til nokon at han var djupt deprimert. Det passa liksom aldri inn. Men tre dagar etter at Ronny Silden Totland la ut heile historia si på sosiale medium, angrar han ikkje på at han opna seg om situasjonen han er i.

Veldig mange har tatt kontakt med Ronny Silden Totland etter at han la ut innlegget om at han var deprimert og har vore det lenge. – Det var så mange personar som eg har hatt noko med å gjere dei siste 30 åra, som kommenterte eller tok kontakt. Eg blei heilt overvelda, seier han.   Foto: Skjermdumpar, redigert

Nyheter

– Eg berre skreiv det, utan å lese over eller redigere, utan å sjå meg tilbake. Eg var i ein modus der eg skreiv det eg følte der og då, og så posta eg det.