To sjåførar fekk skilta inndratt: – Eitt av køyretøya blei vurdert som trafikkfarleg

Statens vegvesen hadde torsdag ein todelt kontroll av både tunge og lette køyretøy. 51 køyretøy, som køyrer på vegane i heile Nordfjord frå inst til ytst, var over kontrollplassane.

– Eit køyretøy hadde mange og grove manglar. Køyretøyet vart vurdert til å vere trafikkfarleg og skilta vart inndregne. Eit køyretøy var ikkje framstilt for periodisk kontroll innan fristen og skilta inndregne, seier Ove Garlid i Statens vegvesen.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Alle køyretøy i tungklassen var innanfor vektgrensene, men det blei skrive ut to tekniske mangellappar.