Regn, regn og atter regn

Vi har en regnfull uke i vente. Og utsatte plasser kan også regnet legge seg som snø.

Vi har ei regnfull veke i vente.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Måndag er det meldt regn og nordvest frisk bris og periodevis liten kuling utsette stader i Sogn og Fjordane. Snøbyer over 600–800 meter, frå i ettermiddag.

Yr melder tysdag nord og nordvest frisk bris, periodevis liten kuling utsette stader. Enkelte regnbyer, vesentleg i Nordfjord. Nedbør som snø over 800–1000 meter.

Og om ikkje dette er dårleg nok vær vil onsdagen bli hakket verre. Da meldast det på Vestlandet sør for Stad nordvest opp i liten kuling på kysten. Frå om ettermiddagen auking til sørvest liten kuling, og opp i liten storm ved Stad. Tilskyande og etter kvart regn. Snø som går over til regn i fjellet.

Temperaturane for veka ligg på mellom 7 og 13 grader i Måløy, mellom 2 til 7 grader på Stad, mellom 6 og 11 grader på Nordfjordeid, og mellom 4 og 11 grader i Kalvåg.