Rektor har ønskt seg lågare fartsgrense forbi skulen, og får det truleg

Etter ønske frå rektor ved Stadlandet skule kan det no bli lågare fartsgrense forbi den kombinerte barne- og ungdomsskulen. Saka er ute på høyring, og om det ikkje kjem merknadar frå kommunen innan 22. oktober reknar Statens vegvesen den nye skiltplanen for akseptert.

  Foto: Google maps

Nyheter

– Vestland fylkeskommune har teke imot førespurnad frå rektor på Stadlandet skule om nedsett fartsgrense på strekninga forbi skulen på fv. 620. Fartsgrensa på strekninga er i dag 60 km/t, og det er ingen fartsdempande tiltak. Det er etablert eit gangfelt ved skulen, dette er ikkje heva, står det i brevet fra Statens vegvesen.