– Kostnadane med ambulansetenester skal ikkje veltast over på private eller kommunar

Kvinne- og familieforbundet i Sogn og Fjordane er uroa over endringar i ambulansetenesta i Helse Førde, altså det som kallast ny prehospital plan.

– Vi ser med uro på nye kutt i ambulansetenestene jamfør styresak i Helse Førde 29. oktober angåande endring av ambulansetenesta i Bremanger, skriv forbundet.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Leiar Gunnvor Sunde har på vegner av organisasjonen sendt inn ein uttale til Helse Førde etter at framlegget til ny plan har vore ute på høyring.

– Vi ser med uro på nye kutt i ambulansetenestene jamfør styresak i Helse Førde 29. oktober angåande endring av ambulansetenesta i Bremanger, skriv forbundet.