Feira at nærbutikken er 50 år med omsetningsrekord, kaker og ballonger

Måndag var det feststemning på Flatraket i Stad kommune. Då kunne daglegvarebutikken Wik Daglegvarer AS feire at det var 50 år sidan dei etablerte seg på staden. Ein ekstra bonus er at det går bra med butikken som alle er så glad i.

Feiring: Måndag var det feststemning på Flatraket. Då kunne lokalbutikken feire at det er femti år sidan Magnar Wik opna dørene for første gong. I dag er det dottera Gunn Helen Wik som driv butikken.  Foto: Privat

Nyheter

For nokre år sidan sleit nemleg butikken med raude tal på botnlinja, men dei siste fire åra har pila berre peikt ein veg for den vesle butikken. I fjor sette dei omsetningsrekord med 8,7 millionar kroner og fekk eit resultat på 216.000 kroner.