Fiskeflåten bør framleis sleppe CO2-avgift, meiner regjeringa

Regjeringa utset å la fiskeflåten betale CO2-avgift. Også neste år skal fiskarane få kompensert CO2-avgifta som vart innført i 2020.

Regjeringa utset å la fiskeflåten betale CO2-avgift. Også neste år skal fiskarane få kompensert CO2-avgifta som vart innført i 2020. Illustrasjonsfoto.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det går fram av forslaget til den avtroppande regjeringa til statsbudsjett for 2020. I budsjettforslaget blir CO2-avgifta auka i fiskeflåten. Men samtidig vil fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) auke kompensasjonsordninga frå 255 til 305 millionar kroner.