Nokon har skote mot fuglekassene: – Det er tullskap å drive med sånt

På tysdag var Kai Skavlid ute og gjekk tur saman med barnebarna langs Deknepollvatnet då han oppdaga at fleire av fuglekassene på staden var blitt skotne på. 

Kuler: Dette synet møtte Kai Skavlid når han gjekk på tur med barnebarna tysdag ettermiddag.  Foto: Privat

Nyheter

– Det er ikkje så godt å sjå akkurat kva det er, men det såg ut som at nokon hadde stått på nært hald og skote med enten luftpistol eller luftgevær, seier han.