Reiv det gamle «vedahuset» ved prestegarden utan at fylkeskommunen hadde fått seie sitt

Innbyggarar i Davik i Bremanger har reagert på at det gamle «vedahuset» ved Davik prestegard plutseleg forsvann. Det viser seg at det har blitt rive, og at det kan vere slik at kommunen ga løyve til riving før dei hadde forhøyrt seg med fylkeskommunen.

Er ikkje lenger: Det gamle «Vedahuset» står ikkje lenger ved Davik prestegard. Eigaren Opplysningsvesenets fond, søkte om, og fekk innvilga, riving av Bremanger kommune.  Foto: Privat

Nyheter

Folk Fjordenes Tidende har snakka med meiner at det vesle huset som stod der er frå den opphavlege prestegarden i Davik, som blei bygd i 1740, og at bygninga stod i det såkalla SEFRAK-registeret over bygg som er ført opp før 1900, og dermed kan vere verneverdige.