Vil ha ny veg og sykkelsti for å sikre tryggleiken for barn og tilrettelegge for turistar

Iglandsvik Utvikling ønsker ei utfylling av eit sjøområde på Iglandsvik for å gje plass til ein sikker veg og legge til rette for turistnæringa.

Høyringsinnspel: Jan Torvanger seier at Iglandsvik Utvikling ønsker ei utfylling av deler av Iglandsvika fordi laget meiner at ein treng ein ny veg og ein sykkelsti på denne delen av Grotlevegen.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Vi har sendt eit innspel for fylkesveg 5706 til høyringa for Regional Transportplan (RTP), seier Jan Torvanger, styreleiar for Iglandsvik Utvikling.