Det ligg an til at arbeidsgjevaravgifta ikkje aukar: – Det er i så fall fantastisk gode nyheiter for næringslivet

Forslaget til statsbudsjettet legg opp til at Vågsøy-delen av Kinn kommune skal halde fram med same arbeidsgjevaravgift som i dag.

Gruppeleiar for Venstre i Kinn kommunestyre, Jacob Nødseth, meiner næringslivet i og rundt Måløy kan glede seg over at det fortsatt ser ut til å bli differensiert arbeidsgjevaravgift innad i den samanslåtte kommunen.  Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

– Det er i så fall fantastisk gode nyheiter for næringslivet i tidlegare Vågsøy kommune, om dette vert ståande i det endelege budsjettvedtaket, seier gruppeleiar for Venstre i Kinn kommunestyre, og leiar i kommunen sitt plan-, miljø- og næringsutval, Jacob Nødseth, til Fjordenes Tidende.