Emanuel (11) er ikkje glad for det han fann i torsken: – Folk må slutte å hive plast i havet

Emanuel Kvernevik Sundal og bestefaren Oddgeir Kvernevik fanga tysdag ein torsk som viste seg å ha magen full av plast. Plasten hadde til og med grodd fast i spiserøret til fisken.

Ung fiskar: Emanuel Kvernevik Sundal har ein stor lidenskap for fiske. No håper han folk kan slutte å kaste plast i havet etter at han og bestefaren, Oddgeir, fekk ein torsk som hadde magen full av plast. Bilde er frå ein tidlegare fisketur.  Foto: Privat

Nyheter

Emanuel var ute på fisketur saman med bestefar Oddgeir heime i Nordpoll i Stad kommune. Då den fiskeglade guten fekk ein torsk i ei ruse, reagerte både han og bestefaren då dei fekk den om bord.