Føraren small inn i tunnelveggen. Har forklart at han ikkje hugsar noko frå kollisjonen

Føraren som ei natt tidleg i juni i år kolliderte i Lotetunnelen og som er mistenkt for promillekøyring har forklart at han ikkje hugsar kva som skjedde. Saka er ferdig etterforska og sendt til påtalemakta.

Bilen som kolliderte fekk store skadar.  Foto: Politiet

Nyheter

Det var publikum som melde ifrå om ulukka som skjedde ei natt tidleg i juni i år. Ein personbil hadde køyrd inn i fjellveggen ved utgangen av Lotetunnelen på E39 i Stad kommune.